Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVelde, Jan Inge
dc.date.accessioned2023-12-18T10:17:10Z
dc.date.available2023-12-18T10:17:10Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3107990
dc.descriptionBachelor i landbruksteknikk. Høgskolen i Innlandet.en_US
dc.description.abstractNorsk: Målet med denne oppgåva var å lage eit verktøy for å hjelpe bønder med val av haustelinje, for gras. Verktøyet blei ein kalkulator som legg vekt på dei økonomiske faktorane. Både å hauste gras med kombipresse i rundballar og med sjølvgåande finsnittar i silo er vanlege haustemetodar i Noreg i dag. For større gardar lønner det seg å bruke finsnittar, men gardsstørrelsen er ikkje einaste faktoren. Problemstillinga vart likevel; Kor stor må garden vera før det lønner seg å gå over frå å leige inn kombipresse til å leige inn sjølvgåande finsnittar? Ved bruk av erfaringsdata på effektivitet og pris har eg utvikla ein kalkulator. I denne kan brukaren sette inn data for den aktuelle garden. Deretter får ein opp både tal og grafar som viser kostnadane ved ulike gardsstørrelsar, basert både på føresetnadane og erfaringsdata. Kalkulatoren vart først køyrd i ein situasjon som utgangspunkt (situasjon 1). Deretter blei den køyrd i seks ulike situasjonar der ein og ein føresetnad blei endra for å sjå korleis faktoren utspelte seg på kostnaden. Ettersom ein endra føresetnadane kunne ein sjå at det var stor forskjell på kva gardsstørrelse som gjorde at ein burde bytte haustelinje. Break-even (BE) mellom kostnadane til haustingane enda på mellom 70 og 160 mål, 90 mål i utgangspunktet. Kalkulatoren er berre utrusta for å analysere kostnadane ved leigekøyring, ikkje at ein kjøper ustyret sjølv. Ein får god oversikt over dei ulike kostnadane når ein brukar kalkulatoren. Det er rekna inn at der er høgare svinn i plansilo. Likevel er det andre grunnar til at ein kan føretrekke den eine haustelinja føre den andre, men kalkulatoren gir då ein peikepinn på kva dette valet gjer for deg økonomisk. Ettersom gardane i Noreg blir større, vil truleg sjølvgåande finsnittar lønne seg for ein større del av dei no enn før, og mogleg endå fleire i framtida. Med tanke på vidareutvikling har kalkulatoren potensial. Den hadde blitt betre om den kunne tatt omsyn til fleire faktorar, som avlingsmengd og teigforhold. Å trekke inn kjøp av ustyret som eit alternativ til leigekøyring vil òg gjere kalkulatoren meir allsidig.en_US
dc.description.abstractEnglish: The aim of this thesis was to make a tool to help farmers with the choice of a harvest line for grass. The tool became a calculator which emphasizes the economic factors. Both harvesting grass with integrated baler wrapper in round bales and self-propelled forage harvester in silos are common harvesting methods in Norway today. For bigger farms it pays off to use forage harvester, but the farm-size is not the only factor. Still the problem was, how large will the farm be before it pays off to stop renting an integrated baler wrapper and start renting a self-propelled forage harvester? With the use of data from experience on efficiency and prices I have developed a calculator, where the user can enter the relevant data of the farm in question. Then one will both get numbers and graphs that show the costs at different farm-sizes, based on both the assumptions and the data from experience. The calculator was first run in a case to use as the baseline. After this it was ran in six different cases where the assumptions were changed one by one, to see how the different factors played out on the costs. After changing the assumptions, one could see that the farm size at which you should change harvest line, varied greatly. The break-even between the cost of the harvests ended up between 7 and 16 hectares, 9 hectares in the baseline case. The calculator is only capable to analyze the cost of renting, not buying, the equipment. The calculator gives a good overview of the various costs. The fact that the losses in bunker silos are higher than in round bales have been taken into account. Nevertheless, there are other reasons for preferring one of the harvest lines over the other, but the calculator gives you a pointer for how your choice affects your economy. Because the farms in Norway are getting bigger, it will probably pay off for a larger part of the farms, to choose the self-propelled harvester, now than earlier, and possibly even more in the future. With further development in mind the calculator has potential. It would be better if it could take more factors into account, like crop yield and field conditions. Including the option of buying the equipment as an alternative to renting it, would make the calculator more versatile.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.titleKombipresse eller sjølvgåande finsnittar? -Ein økonomisk analyse av to alternative haustelinjer ved ulik størrelse på gardenen_US
dc.title.alternativeIntegrated baler wrapper or self-propelled forage harvester -An economic analysis of two alternative harvest lines at different farm sizesen_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber49en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel