Enkel presse til rundballefolie
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2447208Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSammendrag
Sidan metallet vart oppdaga og gjorde at Noreg fekk ein jordbruksrevolusjon rundt 2350 f.Kr., har ny teknologi og nye oppfinningar forbetra og effektivisert landbruket. Berre dei siste 100 åra har fôrkonservering gått over frå tørrhøy til ensilering. I dag blir mesteparten av grovfôret lagra i rundballar over heile landet. Desse er pakka i rundballefolie laga av plasten Polyetylen. Når plasten takast av rundballen har den blitt til avfall. Plasten er resirkulerbar og i Noreg er det eit system med importavgift som gjer at plasten kan leverast kostnadsfritt på utvalde miljøstasjonar landet rundt. Likevel er det slik at mykje plast hamnar i naturen og gjer skade på mark og vassdrag, og det som lev der. Mange bønder har plasten liggande i ein haug utanfor låven, der plasten er i fare for å blese bort. I tillegg er det mykje arbeid med å reingjere, sortere og transportere plasten til gjenvinning. Å komprimere plasten til ballar vil kunne minimere plastspillet og effektivisere logistikken til bonden, samstundes som det sparar bonden for manuelt arbeid. Hovudmålet med denne oppgåva har difor vore å konstruere ei enkel presse til plasten som ein koplar til traktoren og der ein brukar traktorens ressursar til å bruke pressa.
Fleire løysingar til konstruksjonen av pressa vart skissert og samanlikna før ein endeleg konstruksjon vart utvald. Deretter vart delane teikna og sett saman i eit 3D-teikneprogram. Der vart konstruksjonen kontrollert og testa for om den ville tåle belastningane den vil bli utsatt for i bruk. Resultata frå analysen viste at pressa var dimensjonert og konstruert til å tåle desse belastningane.
Det kan til slutt konkluderast med at konstruksjonen av denne pressa kan gjennomførast. Pressa vil løyse fleire av problema bonden og miljøstasjonane møter på, og ha ein positiv verknad på fleire av problema plasten skapar i naturen. Vidare burde det byggjast ein prototype som kan testast i praksis, og byggjast etter gjeldande lovverk for slikt utstyr. Since the discovery of metals gave Norway an agricultural revolution around year 2350 BC, new technology and inventions have improved agriculture and enhanced efficiency. Feed conservation has transitioned from dried hay to silage, just over the last 100 years. Today, most of the grass is conserved in round bales all over the country. These bales are wrapped in silage stretch film made from a plastic called Polyethylene. Once the plastic is removed from the bale, it becomes waste. This plastic is recyclable and a system with an import duty making the plastic cost-free to deliver at certain recycling centres is implied in Norway. However, much of the plastic still finds its way into nature and damages both land and waterways and the creatures that live there. Often, the farmers leave their plastic in piles outside the barn, where it is in danger of blowing away. In addition, there is quite a lot of work with cleaning, sorting and transporting the plastic to recycling. Compressing the plastic to bales could minimize the plastic spillage and increase the efficiency of the farmer’s logistics, saving the farmer for manual labour. The central purpose of this bachelor’s thesis has been to develop a press machine for the plastic film, attached to the tractor and using the tractors resources to run the press machine.
Multiple solutions for the press machine were sketched and compared before a final construction was chosen. After this, the parts were drawn and assembled in 3D-modeling software. Here, the construction was tested to see if it would withstand the strain it would be exposed to when being used. The results from this analysis showed that the press machine was dimensioned and constructed to withstand this strain.
To conclude, the construction of this press machine is feasible. The press machine will solve several of the issues a farmer and the recycling centre is faced with and have a positive effect on multiple issues caused by the plastic in nature. Furthermore, there should be built a prototype to be tested practically, and built by the rules and guidelines applying to such equipment.